Hopp til innhold

Vokalkunstnar blir årets "Artist in residence"

Jazzsongaren, komponisten, tekstforfattaren og Sidsel Endresen får fri tilgong til scenen under Moldejazz i juli.

Vokalkunstner Sidsel Endresen

Sidsel Endresen (62) er er ein kjent jazzvokalist og vokalimprovisatør. Endresen har i meir enn tre tiår vore i fronten av norsk jazz.

Foto: Bodil Maroni Jensen

– Moldefestivalen har følgt meg opp gjennom veldig mange år og har vore ein svært viktig arena for meg, seier Endresen i ei pressemelding.

–Det er ei ære å få vere Artist in residence og ei strålande moglegheit for å samle nokre trådar frå mitt mest aktuelle arbeidet det siste tiåret, legg ho til.

Høyr radioversjonen av eit stemmemøte mellom Sidsel Endresen og Lisa Dillan frå Blå i Oslo i august 2013.

Musikalske samarbeid

Blant anna vil ho gjere ein duo med Stian Westerhus. Gitaristen er kjend for kreativ bruk av elektronikk og gitaren. Saman hausta dei gode omtalar internasjonalt for albumet Didymoi Dreams i 2012.

I løpet av festivalen vil vokalkunstnaren gjere halde konsert med trioen Merriwinkle, som er sett saman av Endresen sjølv, pianisten Christian Wallumrød og gitar/elektronikk-guru Helge Sten.

Erik Honoré og Jan Bang har under den årlege Punkt-festivalen i Kristiansand hatt live remixing som en viktig del av konseptet. I juli tek dei miksepultane sine med til Molde og årets Artist in residence.

Gjenforeining etter 60-årslag

Då Endresen fylte 60 år i 2012 vart det feira med jubileumskonsert på Viktoria Nasjonal jazzene i Oslo. For høvet sette Endresen saman ein sekstett med handplukka musikarar. Christian Wallumrød på flygel, Eivind Lønning på trompet, Espen Reinertsen på saksofon, Vilde Sandve Alnæs på fiolin og Inga Margrethe Aas på kontrabass. Måndag 18. juli vil dei samlast igjen under jazzfestivalen i Rosenes by.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL