NRK Meny
Normal

Sherpaer blir henta til Skageflå

Delar av råsa opp til fjellgarden Skageflå i Geirangerfjorden er øydelagt av steinras og kan ikkje brukast. No blir sherpaer leigd inn for å reparere stien.

Grafisk skisse over stien til Skageflå
Foto: NRK

Glimt av Norge

Sherpaer i arbeid på eit prosjekt i Sogn og Fjordane. Frå programmet Glimt av Norge i NRK1

Foto: Cosmin Cosma / NRK

- Vi har valgt å bruke sherpaer for å gjere naudreparasjonar og rydde vegen opp til Skageflå. Dei har svært gode referansar for arbeid i verneområde og nasjonalparkar. I tillegg garanterer dei at dei ikkje skal bruke maskinelt utstyr og dette er veldig viktig for oss.

Det seier Direktør ved Stiftinga Geirangerfjorden Verdsarv, Katrin Blomvik.

Dyktige folk frå Nepal

Ho seier at sherpaene som kjem er svært dyktige fagfolk frå Nepal som dei siste to-tre sommarane har jobba på ulike prosjekt i regi av Statens naturoppsyn og ulike kommunar rundtom i landet.

- Vi kom i kontakt med dei frå eit prosjekt om Skålatårnet i Stryn og visste at der var gjort eit veldig godt arbeid. Vi veit også at dei gjorde godt arbeid i Nærøyfjord-området som også er eit verdsarvområde.

Katrin Blomvik seier skadane etter raset er større enn dei først trudde.

- Vi fekk melding i fjor haust om at ei stor fjellblokk hadde losna og falle ned i stien og gjort stor skade. Då vi var på synfaring i april såg vi heilt klart at det var fleire steinras som hadde gått på vegen opp til Skageflå.

Dronning Sonja på Skageflå, Geiranger

Den Norske Turistforening (DNT) har tildelt dronning Sonja sitt æresmedlemskap i forbindelse med hennes 70-årsdag.

Foto: Kallestad, Gorm / SCANPIX

Garden Skageflå ligg på ei fjellhylle 250 meter rett opp frå Geirangerfjorden - og er blant dei verkeleg store turismåla i området. Dei som skal dit, må gå. Stien opp er både kronglete og bratt og no altså øydelagt av steinras.

Dronningen æresmedlem i DNT

Dronningen hyllet Geirangerfjorden

- Der er store tre som ligg i sjølv råsa og rekkverk er slått overende. Men det kanskje verste er at den lause råsa som låg på rasgrunn er tatt med av steinane og er borte.

Andre vegar fram

Garden er likevel ikkje heilt isolert. Det er mogleg å kome seg dit ved å gå turstien frå Humlung, via Humlungsætra og ned på Skageflå, seier Katrin Blomvik.

- Dette er fullt mogleg også i dag, men innan eit par veker håper eg at den kortaste råsa frå fjorden opp skal vere brukande igjen.