Hopp til innhold

Sette gåve på 35 millionar kroner på spel

Wenaasgruppen vil gi 35 millionar kroner til nytt helsehus i Rauma, men krev at bebuarane får kjøkken. Formannskapet ville ikkje gjere hastevedtak og dermed heng gåva i ein tynn tråd.

Tomta til Rauma helsehus

Det er strid om det nye helsehuset i Rauma. Formannskapet ville ikkje gjere hastevedtak måndag og saka går vidare til kommunestyret. arbeidet på tomta har allereie starta.

Foto: Gunnar Sandvik / NRK

Landets mest moderne helsehus skal byggast i Rauma, der lokale investorar har tilbydd seg å bla opp 35 millionar kroner. Kravet er at det skal vere eit kjøkken som ein integrert del av helsehuset, medan mange av politikarane vil hente maten utanfrå. Kjøkkenløysinga og samarbeidet med private har gjort skapt sterke motsetningar i kommunestyret.

Arbeidet på tomta har allereie starta og rådmann Oddbjørn Vassli ynskte at formannskapet måndag skulle gjere eit hastevedtak. Det ville ikkje formannskapet og dei vedtok å sende saka vidare til kommunestyret.

Rauma formannskap

Formannskapet ville ikkje gjere eit hastevedtak i saka.

Foto: Gunnar Sandvik / NRK

LES OGSÅ:

God dialog

– I ei såpass viktig sak som har vore så mykje omtala, er det heilt klart rett at kommunestyret gjer vedtaket, seier ordførar Lars Olav Hustad. (H) Han seier at hans parti må ta ei grundig runde om saka og la fleirtalet i partiet bestemme utfallet for Høgre sin del.

Gåva frå Wenassgruppen kan vere sett på spel når dei ikkje held avtalen som opprinneleg vart inngått, men Hustad håper at det er moglegheit sjølv om avtalen ikkje blir heilt som Wenås ynskjer.

– Vi har ein god dialog. Det som står i avisa og det som skjer i røynda er ikkje bestandig det same, seier Hustad.

Lars Olav Hustad

Ordførar Lars Olav Hustad (H) håper på ei løysing sjølv om avtalen ikkje blir heilt som investoren ynskjer.

Foto: Hans Olav Landsverk / NRK

Fryktar for gåva

Per Vidar Kjølmoen (Ap) meiner også det var riktig å sende saka til kommunestyret og la dei avgjere saka.

– Eg meiner at fleirtalsvedtaket set gåva på spel. Eg hadde håp om ei felles haldning i heile formannskapet om å gå i dialog og finne ei løysing som alle kan vere nøgd med. Eg er stygt redd for både gåva og det framtidige samarbeidet med Wenaasgruppen, seier Kjølmoen.

Ellinor Solheim

Ellinor Solheim (Sp) ser ikkje for seg korleis det blir å bygge helsehuset utan dei 35 millioner kronene.

Foto: Gunnar Sandvik / NRK

Ap, Sp, og SV har foreslått ei løysing med eit produksjonskjøkken integrert i helsehuset. Andre har sett for seg ei løysing der eldre og sjuke får mat til dømes frå det nye sjukehuset på Hjelset.

Ellinor Solheim (Sp) kjempa for å berge milliongåva i formannskapet.

– Rauma kommune er i ein trong økonomisk situasjon. Eg ser ikkje for meg korleis det skal gå å miste 35 millionar kroner, seier Solheim.