Hopp til innhold

– Sett ned farta når du møter plogen

Brøytebilsjåfør Gunnar Hestås fryktar at ulukker vil oppstå dersom folk ikkje blir flinkare til å ta omsyn til plogen.

Gunnar Hestås

Gunnar Hestås er brøytebilsjåfør i Ove Gjendem AS i Molde.

Foto: Svein Hagen

– Folk har ikkje respekt når dei møter gule blinklampar lenger.

Det seier brøytebilsjåfør Gunnar Hestås i Ove Gjendem AS i Molde.

– Folk tenkjer vel ikkje over det, men dei ser då at eg er stor og brei. Når lysa står på ved sida av plogen så må då folk skjønne at det er dårleg klaring, seier han oppgitt.

– Ingenting å tape

Etter reglane kan ikkje ein brøytebil køyre fortare enn 40 kilometer i timen, men dårleg sikt og smale vegar er ei farleg oppskrift også for dei som møter brøytebilen. Hestås ser helst at også andre trafikantar set ned farta når dei er i nærleiken av plogen.

– Når dei møter meg bør dei slakke av, for eg kan ikkje tru at dei ser ikkje noko betre enn brøytebilsjåførane, seier han.

Hestås fortel at det enkelte stader er så smalt at når plogen legg seg heilt inn mot autovernet, er det berre så vidt at bilane smett seg forbi. Då er det viktig å gi seg god tid, seier han.

– Dei må sette ned farta, for det har dei ingenting å tape på! Med så dårleg sikt som det har vore i dag, må ein berre gjere det, elles så smell det.

– Bilistane sitt ansvar

Somme bilar vel også å køyre forbi brøytebilen på grunn av det låge tempoet. Det åtvarar Hestås sterkt i mot.

– Når dei køyrer bak meg er jo gjerne vegen fin, men dei som kjem bakfrå kan ikkje vite kor mykje snø det der på vegen framføre meg. Det er trass alt ein grunn til at eg er ute og brøyter, seier han.

Hestås har eit inntrykk av at både bilistar og bussjåførar trur det berre er brøytebilen som treng å halde eit roleg tempo.

– Det er i grunnen ikkje eg som skal bremse ned og svinge til sida, det er det motgåande trafikk som skal gjere, forklarar han.

Gjeld alle vegar

For to år sidan var Hestås i ei møteulukke då han var ute med brøytebilen. Det vil han ikkje skal skje igjen.

– Det var det som skjedde då også. Tre bilar var involverte, fire om ein inkluderer meg.

Sjølv køyrer Hestås mykje på strekninga mellom Molde og Hjelset i Romsdal og kallar dette for verstingstrekninga på grunn av dei smale vegane.

– Men eg er sikker på at dette er eit problem i heile landet, seier han.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL