Sett i arresten

Ein 19 år gamal mann blei i natt sett i arresten i Ålesund. Mannen skal ha forstyrra ordenen og var også full og vanskeleg.

Seinare på natta måtte politiet ta seg av ei full kvinne som dreiv å ropte i området Åse i Ålesund. Kvinna skal ifølge politiet ha vore ute av stand til å ta hand om seg sjølv og blei tatt med til arresten.