Hopp til innhold

Setebelte vert fylkespolitikk

- Det er heilt urimeleg at ikkje det skal vere setebelte i bussar, seier leiar Frank Sve (Frp) i samferdsleutvalet.

Inne i den velta bussen

PÅ SIDA: Ein buss med 33 skuleelevar ombord kvelva i Herøy førre veke. Den hadde ikkje setebelte.

Foto: Terje Reite / NRK

No lovar han å ta saka opp i utvalet.

- Dette skal me ta så fort som råd, seier Sve.

Krev belte i alle bussar

Frank Sve

VIL HA BELTE: Frank Sve meiner det er naturleg å ha same krav til setebelte i bussar som i bilar.

Foto: Andreas Sundby / NRK

I førre veke kvelva ein buss med 33 elevar på veg frå Herøy til Ulstein vidaregåande skule. Ein annan buss på veg til Hustad skule hamna i grøfta.

LES MEIR: Skulebuss velta

Dette fekk hovedtillitsvald Bjørg Aspås i Nettbuss Møre til å krevje setebelte i alle bussar.

LES MEIR: Vil ha belte i bussene

- Naturleg med belte

Sve er hjarteleg einig i setebeltekravet.

- Eg meiner det er merkeleg at der skal vere eit skilje mellom bilar og bussar. Det naturlege ville vere at kravet om belte også gjeld i alle bussar. Men dette er jo naturlegvis snakk om pengar, seier han.

Vil koste 20 mill

Erik Hartmann

HAR REKNA: Ifølgje Erik Hartmann i Trygg Trafikk vil belte i alle bussar koste rundt 20 millionar kroner.

Foto: Omar Sejnæs / NRK

Og distriktsleiar Erik Hartmann i Trygg Trafikk har rekna på det. Før helga sa han til NRK at det kjem til å koste om lag 20 millionar kroner å få setebelte i alle skulebussane her i fylket.

LES MEIR: Uhaldbart med bussar utan belte

Tar opp saka

Sve vil ta saka opp i Samferdsleutvalet.

- Me må få eit samla krav til regjeringa, slik at me får pengar til å løyse dette, seier han.

- Men er ikkje dette noko de også kan prioritere sjølve?

- Jau, men då må me prioritere ned noko anna, og til dømes legge ned skular. Det vert ein håplaus diskusjon. Me treng nye pengar!