Hopp til innhold

Set ut desinfiseringsmiddel

Ferjeselskap set ut desinfiseringsmiddel på toaletta ombord på skipa. Fellestoaletta kan vere potensielle smittekjelder.

Varsling på toalett

Varsling på toaletta til Fjord1 MRF.

Foto: Åge Andre Breivik / NRK

Fjord1 MRF-direktør Anker Grøvdal

VIL FORHINDRE SMITTE: Adminnistrerande direktør Anker Grøvdal i Fjord1 MRF vil motverke svineinfluensa.

Foto: Gunnar Sandvik/NRK Møre og Romsdal

Medan Tide Sjø ventar på avklaring frå helsestyremaktene sender no Fjord1 ut materiell til alle ferjene sine.

Fjord1 vil med dette hjelpe til å hindre spreiing av svineinfluensa, seier administrerande direktør Anker Grøvdal.

- Vi har lasta ned plakatar frå Folkehelseinstituttet som vi har slått opp på ferjene. I tillegg set vi no ut antibakteriespray som dei reisande kan bruke, seier Grøvdal.

Vanskeleg å få ut utstyr

Allereie for to veker sidan var selskapet i møte med Molde bedriftshelseteneste for å finne fram til tiltak for å hindre spreiing av svineinfluensa. Men stoffet som folk skal vaske seg har vore vanskeleg å få tak i, seier Grøvdal.

- For det første fekk vi mindre enn det vi hadde bestilt. I tillegg var det umogleg å få tak i pumpene som skulle brukast til å få stoffet ut av flaskene, seier han.

Og når selskapet no får ei andre sending av stoffet er det nok til å sende ut på ferjene.

Tide Sjø avventar

Tide Sjø driv også fleire ferjesamband, men dei har førebels ikkje planar om å sende ut slikt stoff til sine ferjer, fortel konsernsjef Bjørn Ove Børnes. Han seier at konsernet ikkje har sett i verk tiltak endå.

Bjørn Ove Børnes

AVVENTAR: Konsernsjef Bjørn Ove Børnes i Tide ventar på beskjed frå helsestyremaktene, men har planane klare.

Foto: Lars Svenkerud

- Vi har etablert ein beredskap som i fase ein har som mål å skaffe det utstyr og medikament som vi eventuelt treng. Og så førebur vi oss på tiltak i nært samarbeid med helsemyndigheitene, seier Børnes.

Han fortel at dei blir anbelfalt av helsemyndigheitene å vente med å sette i gang større tiltak utover den personlege hygiene, vask og reinhald som er generell for det norske folk.