Hopp til innhold

Set inn reserveferja frå onsdag kveld

Ferjesambandet mellom Skjeltene, Lepsøya og Haramsøya er nok ein gong innstilt på grunn av tekniske problem. Norled har fem timars frist for å få på plass ei reserveferje, men onsdag gjekk det heile ni timar meir.

Ferge blir tauet ved fergeleia på Skjeltne

Det er ikkje fyrste gong det har vore problem på ferjesambandet mellom Skjeltene-Lepsøya-Haramsøya. Her blir ferja taua frå ferjeleiet ved Skjeltene.

Foto: Alf-Jørgen Tyssing / NRK

Nesten 14 timar etter at eit motorhavari sette ein stoppar for ferja M/F Os, blir det no sett inn ei reserveferje.

Klokka 19.30 opplyser Norled at det vil bli oppstart omtrent klokka 20:45 frå Skjeltene.

Norled har ein fem timars frist for å få på plass ei reserveferje, men i dag gjekk det heile ni timar meir.


– Det kan vi ikkje godta, men eg er glad dei får inn ei reserveferje. Så får vi sjå på kva dette avtalebrotet inneber, seier Oddbjørn Vatne (Sp), leiar i samferdselsutvalet.

(Saka held fram under videoen)

Nok ein gong er det problem med ei av dei gamle ferjene til Norled. Motorhavari førte til stopp i ferjesambandet frå Skjelten til Haramsøya og Lepsøya.

Sjå reportasjen frå TV-sendinga onsdag.

Mindre brann i motoren

Selskapet måtte innstille ferja M/F Os til Nordøyane i morgontimane onsdag på grunn av ein mindre brann eller ein slags eksplosjon i motoren, og ventar på verkstadopphald.

Ferge blir tauet ved fergeleia på Skjeltne, og ambulansebåt frakter passasjerer

Ein ambulansebåt prakter no passasjerar på strekninga.

Foto: Alf-Jørgen Tyssing / NRK

– Reserveferja kjem på plass så fort som mogleg, men vi må bemanne henne og transportere ho. Det kan ta ein time eller det kan ta tre, akkurat no er det umogleg å seie noko sikkert, sa Gudmund Fjørtoft, driftsleiar i Norled til NRK onsdag morgon.

Norled vil i fyrste omgang setje inn skyssbåt på sambandet, medan dei ventar på ei reserveferje frå Fjord1.

– Skyssbåten har allereie byrja å gå, sa Fjørtoft onsdag føremiddag.

Ikkje fyrste gong

Ferge blir tauet ved fergeleia på Skjeltne

Ferja M/F Os blir taua til reparasjon.

Foto: Alf-Jørgen Tyssing / NRK

Det er ikkje fyrste gong det har vore problem på ferjesambandet. Øyfolket har tidlegare uttrykt frustrasjon over situasjonen, og opplever at det alt for ofte er problem på ferjesambandet.

Førre gong det var trøbbel på sambandet var det bilferja Kvam som fekk driftsstans, denne gongen var det M/F Os som hadde problem.

Innstillinga på ferjesambandet skaper problem for dei mange pendlarane som nyttar seg av sambandet for å kome på jobb. Ved Rolls-Royce i Brattvåg var det mange tilsette som ikkje rakk jobb i dag.

– Det er mange som er avhengig av ferja for å kome seg på jobb. Det verste med situasjonen er at folk ikkje kjem seg dit dei skal og at ein aldri kan vere sikker på om ferja går, seier Arvid Tomren ved Rolls-Royce.

To ferjer frå nyttår

Inge Andre Utåker, regionssjef ferjer i Norled, seier han har full forståing for den frustrasjonen som øybuarane opplever.

Inge Andre Utåker

Inge Andre Utåker har full forståing for den frustrasjonen som øybebuarane opplever.

Foto: Arne Flatin / NRK

– Situasjonen i dag er langt frå det vi ynskjer. No har dette skjedd to gongar i løpet av ei kort periode, og det er ikkje slik vi vil ha det, seier Utåker.

Likevel har dei ingen planar om å erstatte M/F Os med ei nyare ferje.

– Vi vurderte ei ny ferje i anbodsprosessen, men såg ikkje noko anna alternativ enn å bruke ei eldre ferje. Nye ferjer har eit anna design som ikkje kan brukast i dei tronge ferjekaiene som er på dette sambandet, seier Utåker.

Utåker meiner situasjonen vil blir betre frå nyttår.

– På noverande tidspunkt er det berre ei ferje på sambandet, men frå nyttår får vi ein kontrakt som omfattar to ferjer.

Også i oktober var det problem på ferjesambandet. Ferjeproblema er temaet når dei reisande møtast i salongen på bilferja Kvam.

Folket på Nordøyane i Haram er fortvila over fleire ferjestansar den siste tida.

Også i oktober var det problem på ferjesambandet. Ferjeproblema er temaet når dei reisande møtast i salongen på bilferja Kvam.