SISTE KL. 22: Politiet melder at mannen i Vestnes er funnen død, og at dei ikkje mistenkjer noko kriminelt.
Dei pårørande er varsla, og politiet i løpet av kvelden på staden.
Over 60 personar frå Røde Kors og 12 hundeekvipasjar frå Norske Redningshunder har søndag leitt etter mannen i 40-åra etter at familien melde han sakna torsdag. Søndag formiddag fann politiet bilen. Søndag ettermiddag starta ein ny leiteaksjon, som altså resulterte i at han blei funnen søndag kveld.
Mannen blei sist sett heime torsdag kveld. Laurdag blei politiet varsla, og begynte då å leite etter mannen. Søket blei trappa opp søndag ettermiddag.
Det har vore mange frivillige involvert i leitinga i Vestnes søndag kveld.
Foto: Remi Sagen