Hopp til innhold

Set fokus på kreft for menn

September er månaden som brukast til å setje lys på ein av kreftsjukdomane som råkar flest nordmenn, prostatakreft.

Da Vinci-robot prostatakreft

Ein Da Vinci-robot som vert brukt til behandling av prostatakreft.

Foto: Bo Lilledal Andersen / NRK

I dag er det klart for aksjonen "12 om dagen" i Ålesund.

– Vi prøvar å setje lys på at det er mange som får denne krefttypen. Tolv i dag og tolv i morgon. Det er eit veldig stort tal det, seier Daniel Ask som er leiar av Profo Sunnmøre som er ei foreining for dei som er råka av prostatakreft.

Fleire tusen menn får diagnosen i året

Årleg oppdagar 4000 menn i Noreg kreftforma. 250 av desse er i Møre og Romsdal. Det vil seie som namnet på aksjonen tilseier, at i gjennomsnitt tolv menn om dagen får diagnosen.

– Mange oppdagar kreftforma heldigvis tidleg, og det fører dermed til at ein vert kurert for prostatkraft som ofte råkar menn heilt ned i 30-åra. Likevel er det også mange som er treige med å kome seg til lege, og det er ikkje bra, for behandling så raskt som muleg er viktig, legg Ask til.

Daniel Ask

Daniel Ask er leiar i Profo Sunnmøre. Det er ei foreining som er til for menn som er råka av prostatakreft og dei pårørande.

Foto: Iselin Nevstad Øvrelid

Tabu tema

– Gjennom denne aksjonen set vi fokus på opplysning og solidaritet, seier Ask.

Prostatakreft er og har ofte vore eit tabubelagt tema som mange menn prøver å skjule for dei rundt seg.

– Vi prøver å vere opne og å setje fokus på dette temaet, for det er viktig å kunne prate om det, meiner leiaren.

– Korleis merkar ein at ein er sjuk?

– Ein treng ikkje nødvendigvis å merke at ein er sjuk om ein ikkje gjer ei undersøking. Er det slik at ein startar å kjenne symptom, så er ein ofte for seint ute til å verte kurert, seier Ask.

Oppfordrar til sjekk

Han oppfordrar alle menn i risikogruppa om å gå til legen og sjekke seg.

Når ein først har fått prostatakreft får ein ofte symptom som smerte i rygg og bekken, problem med vannlatinga og har blod i urinen.

Prostata er det fleipa mykje med, og det har tradisjonelt vore kalla ein gammalmannssjukdom, men det stemmer ikkje. Menn i 30 åra får ofte diagnosen.

Farleg sjukdom

Prostatakreft kan vere dødeleg. Sjukdomen viser seg ofte å vere arveleg.

– Nyaste forsking frå Danmark viser at mange menn får prostatakreft dersom mødrene deira har hatt brystkreft eller kreft i eggstokkane. Dei som har dette arveleg i familien får det ofte tidleg og har det veldig tungt, påpeikar Ask.

– Følg med

Daniel Ask meiner det er viktig å følgje med, og seier det er nødvendig å teste seg etter nokre månader ein testa seg første gong. Dette for å sjå om det har vore ei endring i nivået på prøvene.

På Rica Parken tysdag kveld vert det høve til å lære meir om prostatakreft, men også om kreftsjukdomar generelt.

Elin Stoermann-Næss frå Kreftforeningen skal fortelje om rettigheiter og mulegheiter.

Møtet er ope for alle interesserte, og det vert høve til å stille spørsmål etter foredraga.

Fastlege Kjell-Olav B. Svendsen som er spesialist i allmennmedisin skal halde foredrag om "Mannen med prostatakreft", og overlege Olbjørn Klepp tek for seg "Kurativ behandling eller vent å se…".

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL