Ser positivt på framtida

Årets verftskonferanse i Ålesund har så langt teikna eit positivt bilde av framtida til den maritime næringa. Årsaka er at mange bedrifter har teke ei leiande rolle i det grøne skifte, trur Odd Tore Finnøy, styreleiar for Maritimt bransjeforeining i Norsk Industri. – Vi har fleire aktørar i den regionale klynga som har tatt globale og leiande posisjonar innanfor det grøne skiftet. Dette gjeld fleire område av den maritime bransjen, både verft og design, seier Finnøy.

Odd Tore Finnøy
Foto: Trond Vestre / NRK