NRK Meny

Ser framtida i offentlege bygg

Dør-bedrifta Kvanne Industrier i Surnadal har lykkast gjennom satsing på høg kvalitet og har ordreservar som aldri før. Bedrifta med ni tilsette har gjennom mange ti-år laga glassfiberdører for industrien, men no også til mellom anna daglegvare, skular og fjøs. Gjennom nettverk har dei kome inn på stadig nye marknader og ser framtida i offentlege bygg, seier Grim Røen.

Grim Røen i Kvanne Industrier lengst til høgre
Foto: Gunnar Sandvik / NRK