Ser at cruisenæringa innrettar seg etter skjerpa miljøkrav

Sjøfartsdirektoratet har ein intensiv kampanje for å sjekke om cruiseskipa fylgjer dei nye miljøkrava i verdsarvfjordane.

Sjøfartsdirektoratet sjekkar utslepp i Geiranger

Jan Mårstøl, Hans-Petter Sandseth og Kåre Velle i Sjøfartsdirektoratet skal måle svovelinnhaldet i drivstoffet til cruiseskipa i Geiranger.

Foto: Malin Kjellstadli Korsnes / NRK

Det er ein stor turistdag i Geiranger med tre cruiseskip på fjorden og bussar som køyrer i skytteltrafikk. Det luktar svakt av drivstoff på kaia, men lufta kjennest reinare ut enn før, meiner fleire av lokalbefolkninga.

– Det har blitt ein god del mindre røyk på dei beste dagene. Vi ser forskjell, seier Karl Øyvind Hjelle. Han driv turistbutikk på kaia og er avhengig av cruisepassasjerane for å få det til å gå rundt.

Talet på turistar i verdsarvfjorden har auka kraftig dei siste åra.

I periodar har luftforureinga i turistmagneten vore så høg at det er helseskadeleg, ifylgje målingar. Laurdag omtalte NRK rapporten som fortalde at det største cruiserederiet i verda slepp ut ti gongar meir svoveldioksid enn 260 millionar bilar.

Turistar i Geiranger

I periodar har det vore stor luftforureining i Geiranger.

Foto: Malin Kjellstadli Korsnes / NRK

Strengare reglar

Frå 1. mars vart det innført strengare miljøkrav til skipa som skal besøke verdsarvfjordane i Noreg. I sommar har Sjøfartsdirektoratet ein intensiv kampanje for å kontrollere at skipa fylgjer dei nye reglane.

– Skipa har innretta seg etter dei nye krava og det er atskilleg mindre røyk i dag , seier inspektør Jon Mårstøl i Sjøfartsdirektoratet. Saman med to kollegaer skal han om bord i skipa for å kontrollere svovelinnhaldet i dieselen med avansert måleutstyr.

Det har allereie blitt gitt ei bot på 700.000 kroner, då cruiseskipet MS «Magellan» slapp ut for mykje svovel. Mårstøl håper dette er unntaket.

Han opplever at cruiseskipa no går på marin gassolje i staden for tungolje når dei ligg i verdsarvfjordane, som fylgje av dei nye reglane. Det er dyrare med gassolje og Mårstøl trur det er den ekstra kostnaden som gjorde at skipa ikkje tok den kostnaden før dei vart tvungne til det 1. mars.

Andra Bester og Jaco Venter i Geiranger

Andrea Bester og Jaco Venter er på to vekers tur i Noreg. Dei er opptekne av fjord og fjell.

Foto: Malin Kjellstadli Korsnes / NRK

Bles ut ekle ting

Jaco Venter og Andra Bester kjem frå Sør-Afrika for å oppleve norske fjell og fjordar. Dei synest dei skjerpa miljøkrava i Geiranger og dei andre verdsarvfjordane er bra.

– Rein natur gjer at fleire turistar vil komme hit, trur Andra.

Geir Gjørva jobbar i reiselivsnæringa i Geiranger og også han er positiv til kontrollane Sjøfartsdirektoratet utfører.

Geir Gjørva

Geir Gjørva meiner miljøkrava burde ha kome på plass for lenge sidan.

Foto: Malin Kjellstadli Korsnes / NRK

– Det er heilt naudsynt. Vi kan ikkje finne oss i at skipa kjem inn i den vakre fjorden og bygda vår og bles ut ekle ting, seier Gjørva. Han meiner det burde ha vore tatt grep for lenge sidan.

Kontrollane til Sjøfartsdirektoratet viser at alle tre skipa på fjorden i dag, held seg innanfor utsleppsgrensene. Jon Mårstøl er nøgd.

– Då vi kom hit for nokre år sidan, låg røyken tung her. Eg forstår godt at det var naudsynt med strengare reglar, seier inspektør Mårstøl.

Tre cruiseskip i Geirangerfjorden

Alle dei tre cruiseskipa Costa Favolosa, Explorer of the Seas og Silver Wind, fulgte dei nye miljøkrava då Sjøfartsdirektoratet undersøkte.

Foto: Malin Kjellstadli Korsnes / NRK

LES OGSÅ: