NRK Meny
Normal

Ser alvorleg på bilkapring

Ein mann i slutten av 20-åra sit no i varetekt etter to biltjuveri søndag. Lensmann Guttorm Hagen oppmodar no bileigarar om å bli flinkare til å låse bilane sine.

Politi illustrasjon

Ein mann i slutten av 20-åra sit i arresten etter ei bilkapring søndag.

Foto: Kyrre Lien/Scanpix

Mannen frå Sunnmøre blei pågripen i ein væpna aksjon på Folkestad i Volda søndag formiddag. Då hadde politiet jakta på mannen i fleire timar. Han sit no i arresten i Ålesund, opplyser Guttorm Hagen, lensmann i Ørsta/Volda.

– Det er ei omfattande sak som framleis er under etterforsking. Vi ser svært alvorleg på saka, seier han.

Alvorleg situasjon

Mannen er mistenkt for å først ha stole ein bil før han tvinga til seg ein annan bil i Ulsteinvik tidleg søndag morgon. Denne blei seinare funne i Volda.

Guttorm Hagen

Guttorm Hagen, lensmann i Ørsta/Volda, seier at dei ser alvorleg på saka.

Foto: Inger Johanne Ruset / NRK

Hagen kan førebels ikkje seie meir om korleis bilkapringa skjedde, eller om bileigaren blei utsett for truslar, men opplyser at vedkomande som blei fråteke bilen ikkje skal vere skadd.

– Der oppstod det ein trusselsituasjon som vi såg på som såpass alvorleg at vi valde å væpne oss. Utover det kan eg ikkje seie noko meir på dette tidspunktet, seier lensmannen.

Han fortel at dei har fått mykje informasjon frå publikum, men at dei framleis ønskjer tips.

– Vi har så langt fått mange gode tips, men vi ber alle som har informasjon om å kontakte oss, seier Hagen.

Ber folk om å låse bilane sine

Etter fleire biltjuveri den siste tida, har lensmannen ei klar oppmoding.

– Det er kjempeviktig at folk låser bilane sine og ikkje let nøklane stå i eller ligge i kupeen, seier Hagen.

– Dei fleste bilane som bli stole her i området har hatt nøkkelen i tenningslåsen eller liggande i kupeen. Ein tjuv treng berre nokre få sekund på å stikke av med bilen din, held han fram.