Hopp til innhold

September var ein rekordmånad

Aldri før har Noreg eksportert sjømat for større verdiar enn i førre månad.

krabbe

Krabbe har blitt ein viktig eksportartikkel.

Foto: Stian Røkenes / NRK

Nesten ni milliardar kroner blei det eksportert for, fortel Norges sjømatråd. Og det er heilt i tråd med resten av kvartalet, der tala er 65 milliardal.

– Semptembereksporten åleine er lik småmateksporten for heile 1990. I løpet av dei seks siste åra har verdien av norsk sjømateksport blitt dobla, seier kommunikasjonsdirektør i Norges sjømatråd, Geir Håvard Hanssen.

Nidobling til Sør-Korea

Geir Håvard Hanssen

Det blir stadig sett rekordar i eksporten av norsk sjømat, slår Geir Håvard Hanssen fast.

Foto: Gunnar Grindstein / NRK

Hanssen fortel at marknader som for ti år sidan var beskjedne, no har både dobla, femdobla og til og med nidobla seg. Det siste gjeld Sør-Korea, men også USA og Italia tar imot stadig meir sjømat frå Noreg.

Og det er fleire artar som har ein kraftig auke, Krabbeeksporten har auka med nesten 90 prosent, medan sild har ein vekst på 45 prosent, samanlikna med same periode i fjor.

Også saltfisk, fersk og fryst torsk har auke, medan klippfisk har gått litt ned. Dei «raude» fsikane. laks og aure er det mange som vil ha. Og når det er eksportert aure for tre milliardar kroner i år, så er det nesten dobbelt så mykje som i 2015.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL