Hopp til innhold

Senterpartiet: Før var dei berre éin - no er dei elleve representantar

KRISTIANSUND (NRK): Den kraftige framgangen til Senterpartiet i Kristiansund vekkjer oppsikt. Partiet hadde tidlegare éin representant i bystyret. No er dei oppe i elleve.

Vallogo

I mange år har Arbeidarpartiet vore det store partiet i Kristiansund. Høgre har vore stort og Kristeleg folkeparti har vore ordførarparti. At Senterpartiet har vore inne med eit fåtal representantar har vore ein normalsituasjon.

Men no har Senterpartiet fått inn heile elleve representantar i bystyret i Kristiansund. Dette er eit resultat fleire har stoppa opp ved i dag, dagen etter valet.

Senterpartiet er ikkje berre for landbrukskommunar, skjønar du, seier Elin Wasmuth Hansen, som no kan smykke seg med tittelen bystyrerepresentant i Kristiansund (Sp).

– Senterpartiet er ikkje berre for landbrukskommunar, skjønar du, seier Elin Wasmuth Hansen, som no kan smykke seg med tittelen bystyrerepresentant i Kristiansund (Sp).

Ho legg vekt på at partiet er mot sentralisering og viser til sjukehussaka. Ho blei politisk aktiv i januar. Og det var nettopp sjukehussaka som vekte henne. Men ho hadde ikkje trudd at partiet skulle få inn elleve representantar.

Eg trudde ikkje vi skulle få inn så mange. Her blei vi overraska heile gjengen.

Nesten kvar fjerde stemme i Kristiansund gjekk til Senterpartiet. Det er historisk. Og det er ingen som slår Senterpartiet i Kristiansund når det gjeld auken i talet på representantar.

Det er mange nye som no er klar til å gjere ein innsats. Dette er artig, seier Elin Wasmuth Hansen.