Nei i fjor
Sist spørsmålet om konkurranseutsetting var oppe i mai i fjor sa politikarane nei til konkurranseutsetting av sjukeheimsdrift i Molde.
No har det vore val og eit nytt kommunestyre kan vere meir positiv til konkurranseutsetting av drifta av den nye Råkhaugen omsorgssenter og sjukeheim i Nordbyen.
Senterpartiet kan avgjere, seier gruppeleiar Kjersti Løge.
Også Venstre opnar for konkurranseutsetting gjennom vedtaket i formannskapet, men har programfesta nei til dette.
Eit mogleg ja
Fleire medlemmar av Senterpartiet har bede om at partiet vurderer spørsmålet om konkurranseutsetting, seier Kjersti Løge, og det kan ende med eit ja til forsøk privat drift av Råkhaugen.
Sjøl er Kjersti Løge positiv til forsøk med konkurranseutsetting og ho ser gjerne at til dømes MOBO får prøve seg med drift av ein sjukeheim.
Fleirtalet i formannskapet vil ha laga eit konkurransegrunnlag for konkurranseutsetting av sjukeheimsdrifta på nye Råkhaugen omsorgssenter og sjukeheim.