Hopp til innhold

Møbelindustrien vil bli betre, no gjer dei som den maritime næringa

Eit senter som samlar fagkunnskapen i møbelbransjen til Sykkylven. Det er målet for eit prosjekt i møbelbygda.

Hjellegjerde

VIL SAMLE KOMPETANSEN: Sykkylven næringssenter vil samle kompetansen i møbelindustrien. Biletet er frå Hjellegjerde i Sykkylven.

Foto: Frode Berg / NRK

Sykkylvsbrua og Ekornes

MØBELBYGD VIL HA SENTER: Sykkylven næringssenter vil samle bransjekunnskapen i møbelbransjen til bygda.

Foto: Odd Sørås / NRK

Målet er å samle fagkunnskapen på same måte som den maritime næringa har gjort i Norsk Maritimt Kompetansesenter i Ålesund.

  • Les meir om senteret til høgre i artikkelen.

– Det må vere ambisjonen ja. Og det meiner eg det er eit veldig godt grunnlag for å lykkast med, seier leiar Harald Espeland i Sykkylven næringssenter.

Sykkylven er eit tyngdepunkt i norsk møbelindustri. Likevel har aldri fagkunnskapen vore samla på ein stad. Med eit senter etter modell frå den maritime næringa meiner Espeland at næringa vil stå endå sterkare.

– Det skal vere eit senter som kan tilby dei einskilde aktørane i møbelbransjen bistand til å løfte utviklingsprosjekt opp på eit høgare nivå enn ein greier som einskildaktørar, seier han.

Kan starte raskt

– Det kan vere både i utvikling av nye og banebrytande design, heilt nye produkt, eller måtar å produsere møblar på, fortel han.

Om ein får både møbelnæringa og det offentlege med på prosjektet, kan senteret stå klart i Berlivillaen på Klokkarhaugen i Sykkylven allereie til hausten.

– Då vil ein allereie ved oppstarten ha mellom fem og ti tilsette som er med å utvikle møbelbransjen, fortel Espeland.

Vil skape nye suksessar

Målet er å kunne trekkje fleire unge formgjevarar til bygda, og skape eit miljø der nye internasjonale møbelsuksessar kan vekse fram.

– Så får me sjå om det kjem nok gode prosjekt inn i senteret, slik at det blir grunnlag for å utvikle eit endå større senter, seier Espeland.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL