Normal

NVE senkar faregraden for Mannen – Bebuarane får flytte heim

RAUMA (NRK): På grunn av minkande rørsler i fjellet og vêrprognosar om lite nedbør, har NVE bestemt seg for å sette ned farenivået ved Mannen til gult. Bebuarane får no flytte heim.

Evakuerte under Mannen får flytte heim

Laurdag ettermiddag fekk bebuarane under fjellet Mannen flytte heim igjen.

Foto: Silje Bjerknes / NRK

Det blei klart på ein pressekonferanse laurdag ettermiddag. Då hadde geologane sett ein nedgang i rørslene i det rasfarlege fjellpartiet ved Mannen.

Evakuerte under Mannen får flytte heim

Laurdag ettermiddag fekk bebuarane under fjellet Mannen flytte heim igjen.

Foto: Silje Bjerknes / NRK

Fredag og natt til laurdag var det store rørsler i fjellet, og ein kunne høyre buldring og steinsprang. Men frå laurdag morgon har rørslene minka i takt med at det også har blitt mindre nedbør i området.

Lars Olav Hustad og geolog i NVE, Gudrun Dreiås Majala.

Ordførar i Rauma, Lars Olav Hustad, saman med geologane Gudrun Dreiås Majala og Lene Kristensen.

Foto: Silje Bjerknes / NRK

– No er det ei hastigheit på sju cm i øvre del og tre til fire mm i den nedre delen. Til forskjell frå tidlegare i dag, så er også rørslene i den nedre delen minkande, seier geolog i NVE, Gudrun Dreiås Majala.

Politiet sitt ferdsels- og opphaldsforbod under fjellet blir dermed oppheva og bebuarane får flytte heim.

– Når det ikkje har gått eit ras, så er bebuarane letta og glad for å få flytte heim igjen, seier Lars Olav Hustad, ordførar i Rauma.

Sjå pressekonferansen klokka frå 14.00 her:

Oppgradert til raudt fredag

Så langt i år har det vore ei forskyving på 1,4 meter etter snøsmeltinga i den mest aktive delen av fjellpartiet og ni cm i den nedre delen. Totalt har fjellpartiet bevegd seg om lag fem meter dei siste fire åra. NVE vil halde fram med å følgje utviklinga ved Mannen tett.

Gudrun Dreiås Majala (NVE)

Geolog i NVE, Gudrun Dreiås Majala.

Foto: Silje Bjerknes / NRK

– Vi vurderer situasjonen og behovet for å oppgradere farenivået fortløpande. Vi har full forståing for at dette er krevjande for bebuarane når den første evakueringa kjem så tidleg på hausten. Men vi må ta stilling til dei rørslene vi ser i fjellet, sa Dreiås Majala under pressekonferansen.

Dei store nedbørsmengdene som kom fredag og natt til laurdag sette stor fart i rørslene ved fjellet Mannen. Ved midnatt laurdag hadde rørslene i den øvre delen av det rasfarlege partiet ei fart på 40 cm.

Pressebrief om fjellet Mannen

NVE, Rauma kommune og politiet deltok på pressekonferansen i Rauma laurdag formiddag.

Foto: Øyvind Sandnes / NRK

– Rørslene er no på mellom 12–20 cm i døgnet, noko som er mindre, men framleis ei høg hastigheit, sa geolog i NVE, Gudrun Dreiås Majala til NRK laurdag morgon.

Det var dette og auka rørsler i den nedre delen av fjellpartiet som gjorde at NVE valde å ikkje justere ned farenivået laurdag morgon.

– Vi har sett ei fordobling sidan i går i den nedre delen. Denne delen blir sett på som viktig for at heile det ustabile fjellpartiet skal rase, sa Majala.

Fryktar det blir ein lang haust

Dei elleve bebuarane under fjellet Mannen blei evakuert fredag ettermiddag. Dette er sjette gang dei blir evakuert på grunn av ei heving i farenivået.

Lars Olav Hustad

Ordførar i Rauma, Lars Olav Hustad, fryktar det kan bli ein lang haust.

Foto: Silje Bjerknes / NRK

– Ikkje alle har fått sove i natt. Det har vore ei spennande natt på grunn av all nedbøren som kom, sa ordførar i Rauma, Lars Olav Hustad, til NRK laurdag morgon.

Han fortel vidare at bebuarane under det rasfarlege fjellet fryktar at det blir ein lang haust.

– Nokre har det greitt medan andre tek det tyngre for kvar gong dei blir evakuert. Det er ein uhaldbar situasjon. Frykta er at det vil skje fleire gonger ettersom den første evakueringa kjem så tidleg. Det kan framleis kome mykje nedbør utover hausten.

Ordføraren seier at kommunen prøver å vareta bebuarane under Mannen, og at dei no ser på meir langsiktige løysingar, slikt at evakueringa kan bli lettare for dei involverte.

Direkte frå fjellet Mannen i Romsdal