NRK Meny
Normal

Sendte nakenbilete til tenåringsjenter i Molde

Politiet i Nordmøre og Romsdal etterforskar ei sak der fleire 13-åringar har fått bilete av ein erigert penis på Facebook. Den falske Facebookprofilen har kontakta jenter fleire stader i landet.

Mona Kvernberg

Politiførstebetent Mona Kvernberg seier at det er straffbart å sende seksuelt krenkande bilete til barn.

Foto: Politiet

Det var fredag at politiet fekk melding om at minst 15 8. klassejenter på to ungdomsskular i Molde hadde blitt kontakta av ein person som utga seg for å vere 16 år på Facebook. Også jenter i nabokommunen Nesset har opplevd det same.

Då jentene la han til som ven, starta han å chatte med jentene, der praten hadde eit seksuelt innhald. Personen sende også bilete av ein erigrert penis.

Falsk profil

– Profilen er falsk og vi veit ikkje kven som står bak. Vi jobbar med å finne det ut, seier politiførstebetent Mona Kvernberg ved Møre og Romsdal politidistrikt. Ho seier at det er straffbart å sende seksuelt krenkande bilete til barn.

Fleire av jentene skal ha vore venn med den falske facebookprofilen i fleire veker. Andre fekk veneforespørsel for få dagar sidan. Politiet trur difor at dette kan ha gått føre seg i fleire veker utan at foreldre har hatt kjennskap til saka.

Fleire politidistrikt samarbeidar

Jenter i andre delar av landet har også blitt kontakta av vedkomande.

– Vi samarbeider med andre politidistrikt for å kome til botns i saka, seier Kvernberg. Ho veit enno ikkje kor omfattande saka er. Politiet trur ikkje at saka har noko med den overgrepssaka «Dark Room» å gjere.