Hopp til innhold

Sjå NRK sine direktesendingar frå Aasentunet på 17. mai

Slik gjekk det då NRK sendte direkte frå Aasentunet i Ørsta 17. mai. Det er Språkåret i år, og det er 200 år sidan Ivar Aasen blei fødd.

Her kan du se direkteklippene fra da Pål Kristian Lindseth tilbringte nasjonaldagen i nynorskens vugge.

Her kan du sjå programleiar Pål Kristian Lindseth feire 17. mai på Aasen-tunet i Ørsta

Denne gongen skal nynorskens far, Ivar Aasen, heidrast på sjølvaste 17. mai.

Eg gler meg til å vise fram ein stad i Møre og Romsdal på denne største festdagen i Noreg, seier direktereporter Pål Kristian Lindseth.

Sjå innslaga reporter Pål Kristian Lindseth og fotograf Øyvind Berge Sæbjørnsen laga i Hovdebygda 17. mai:

Slik gjekk det då NRK sendte direkte frå Aasentunet i Ørsta 17. mai. Det er Språkåret i år, og det er 200 år sidan Ivar Aasen blei fødd.

Frå Hovdebygda

Det er Ivar Aasen-jubileet som er årsaka til at NRK ønskte å sende frå Aasentunet denne gongen. Ivar Aasen blei fødd 5. august i 1813. Han er mest kjend som opphavsmannen til nynorsken. Men han er også ein anerkjend diktar.

Det er langt frå alt som er klart før sendinga, seier Lindseth til NRK. Men eg kan love at eg skal stille i bunad på nasjonaldagen, seier han.

Lindseth

Pål Kristian Lindseth har vore direktereporter på fjernsyn ei rekkje stader. Denne gongen lover han å stille i bunad.

Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen / NRK

Aasentunet ligg på garden Åsen i Hovdebygda. Det var her Ivar Aasen blei fødd og vaks opp. I dag er dette eit nasjonalt dokumentasjons- og opplevingssenter for nynorsk skriftkultur. Det nye kulturbygget i Aasentunet blei opna i 2000.

Hovuddelen av sendinga går som vanleg frå Slottsplassen i Oslo. Her får sjåarane vere med på det store barnetoget som går opp Karl Johans gate og passerer Slottet med Kongefamilien på Slottsbalkongen.

Elles blir sjåarane tekne med til blomstring i Hardanger, til 150-årsjubileet for Edvard Munch på Løten I Hedmark og vi besøkjer naboane våre i sør i Selje ved Stad.

Eit anna høgdepunkt blir feiringa på Skaugum i Asker. Her kjem barnetoget ca. klokka 08.00 for å gratulere Kronprinsfamilien med dagen