Hopp til innhold

Politiet sendte blomsterjord til Kripos

I juni brann to bygningar til grunnen på Frei i Kristiansund. Den hovudmistenkte i saka er jorda i blomsterbedet ved garasjen.

Brann på flatset på frei i kristiansund

Laurdag 14. juni brann i ein garasje og ein bustad til grunnen på Frei i Flatset. Ingen vart skadde i brannen.

Foto: Eirik Haukenes / NRK

– Prøvene vert rutinemessig send til Kripos ut frå vitnefråsegn om kor brannen starta, seier etterforskingsleiar Alf Rune Rolland i Nordmøre og Romsdal politidistrikt.

Laurdag 14. juni begynte det å brenne i ein garasje på Frei i Kristiansund. Brannen spreidde seg etter kvart til bustadhuset, og begge bygningane brann til grunnen. Ingen av dei som budde i huset var heime, og det var ein nabo som varsla om brannen.

Ein av teoriane

Det finnes ikke dårlig vær....

Mogleg brannfelle? Politiet på Nordmøre ser ikkje bort frå at ein brann på Frei i juni kan ha starta i blomsterbedet.

Etterforskinga er ikkje ferdig, og det kan vere andre årsaker til at brannen oppstod. Per i dag er ein av teoriane som politiet jobbar ut ifrå at brannen oppstod i blomsterbedet ved eine husveggen.

Rolland seier at det ikkje er så vanleg å gjennomføre slike testar, men at det heller ikkje er heilt uhøyrt.

– Det er ikkje første gong at det skjer ein slik kjemisk reaksjon i jorda, så det er utgangspunktet for at prøvene vert analyserte, seier han.

– Litt søkt

Erik Norgaard i Grønn Vekst synest teorien verkar noko søkt. Som forskings- og utviklingssjef for ei selskap som utviklar blomster- og plantejord er han godt kjend med dei kjemiske ingrediensane i blomsterjorda på marknaden.

– Iallfall med tanke på dei produkta vi lagar er ideen helt framand for meg. Eg har heller aldri høyrt om slike hendingar før, seier han.

Det vil seie – det KAN gå an, men då i tilfelle heilt enormt store mengder til, forklarar han.

– Store komposthaugar som vert knust på gjenvinningsstasjonar kan ta fyr på grunn av kjemiske reaksjonar i det biologiske avfallet, men då snakkar vi om fleire tonn. At noko tilsvarande kan skje i hagen til ein privat bustad, har eg i grunnen lite tru på, seier han.

Sand og leire

Norgaard forklarar at plantejord i hovudsak består sand og leire.

– Slikt tek ikkje fyr. Då er det meir sannsynleg at det kanskje låg eit glasbrot i bedet som sola skrinte på såpass noko anna tørt tok fyr, trur han.

Det vil ta opptil tre veker før resultata frå Kripos er klare og ein kan få svar på blomsterjord-gåta.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL