Hopp til innhold

Sendt ut gult farevarsel om styrtregn og lyn

Det skal regne kraftig på Nordmøre i ettermiddag. Så kraftig at det er sendt ut gult farevarsel.

gult farevarsel
Foto: Meterologisk institutt

Dei siste dagane har det vore eit ustabilt vêr mange stader i Møre og Romsdal. Meteorologisk institutt har sendt ut gult farevarsel om styrtregn og lyn i indre strøk.

– Det er meldt mellom 20-30 mm nedbør, seier meteorolog Suzana Reuder. Det gjeld spesielt i område frå Åndalsnes og til grensa ved Trøndelag.

Gult farevarsel

Meteorologisk institutt kjem med råd.

Foto: Meteorologisk Intistutt

Ta forholdsreglar

Meteorologane ber om at ein følgjer med på vêrvarselet.

– Det er viktig at vi er oppmerksam på rasfare i området som er utsett. Vi er spent på kor masse nedbør som faktisk kan kome, seier Reuder.

Ho fortel at det er allereie meir nedbør registrert til no i juni enn heile juni i fjor.

Elver fosser fra fjell i Sunndal

I fjor sommar fossa regnet ned i Sunndal.

Foto: Sunndal kommune

Meteorologane har sendt ut dette vêrvarselet for Møre og Romsdal:

Bris av skiftande retning, etter hvert dreiende vestlig, i kveld nordvestlig frisk bris på kysten lengst sør. For det meste skyet, oppholdsvær. Fra i ettermiddag regnbyger, kan hende med torden i indre strøk. Lokal kraftige regnbyger i indre strøk.

Frå mai sol til juni regn

Det var ein unormal månad i mai med sol og god varme i store delar av fylket. Starten av månaden i juni har vore prega av ustabilt vêr med regnbyer, torden og lynnedslag.

Sol i Ålesund

Fint vær i store deler av mai.

Foto: Silje Steinnes Bjerknes / NRK