Hopp til innhold

Sendt til St.Oalvs

Ein mann i 40-åra blei sendt til St.Olavs Hospital i Trondheim i natt. Vitne såg vedkomande ramle om og prøve å reise seg, for han gjekk i bakken igjen. Mannen blødde og det var ikkje muleg å få kontakt med han. Ifølge politiet er det likevel ikkje noko som tyder på at han har vore utsett for vald.