Hopp til innhold

To til sjukehus etter utforkøyring

Ein mann er frakta til St. Olavs Hospital i Trondheim med luftambulanse etter ei utforkøyring på Åfarnes i Rauma

Åfarnesulykke

Ein person er frakta til St. Olavs med luftambulanse etter ei utforkøyring.

Foto: Gunnar Sandvik / NRK

I tillegg er ein annan mann frakta til Molde sjukehus med ambulanse.

– Det var to menn i 30–40 åra i bilen då utforkøyringa skjedde. Det er så langt uklart kor alvorleg skadd dei er, seier Styrkar Gagnat, operasjonsleiar i politiet til NRK.

Utforkjøring ved Åfarnes - brannvesenet snur bilen som landa på taket 20 meter fra vegkanten

Saka blir etterforska

Det var i 12.30-tida fredag at politiet melde om eit utforkøyring på Åfarnes i Rauma. Bilen blei liggande på taket ca. 20 meter frå vegen.

– Vi veit ikkje kva som er årsaka til utforkøyringa, men saka vil bli etterforska, seier operasjonsleiaren.

Brannvesenet jobbar no på staden for å fjerne bilen. Det skal ikkje vere trafikale utfordringar på staden.

Ulykke Åfarnes

Bilen blei liggande på taket ca. 20 meter frå vegen.

Foto: Gunnar Sandvik / NRK