Sendt heim av politiet

Politiet i Sunndalsøra fekk i natt melding om ein vanskeleg gjest ved ein utestad. Ein full mann blei fjerna frå staden og køyrd heim. Mannen returnerte seinare til same område, og blei på nytt fjerna og vist vekk frå sentrum.

I Ålesund sentrum blei også ein mann i 30-åra vist vekk frå byen resten av natta. Vedkomande var full og vanskeleg og blei nekta å kome inn på ein utestad.