Hopp til innhold

Sender sjuke born på skulen

Foreldre har ikkje tid til å vere heime med sjuke born. Lærarar og barnehagetilsette opplever at borna møter opp sjølv om dei burde ha vore heime.

Illustrasjonsfoto omgangssyke
Foto: Bendiksby, Terje / SCANPIX

- Eg kjenner tilfeller der bornet har kasta opp om natta, men likevel møter opp på skulen neste dag, seier lærar ved Hessa skule, Tore Vederhus.

Passer godt på

I tilfelle der born blir sende sjuk på skulen passer Vederhus nøye på barnet og ved det minste teikn på at eleven vert uvel, slapp eller bleik, ringer han til foreldra. Det hender også at lærarane må tørke oppkast.

Råd om hygiene

Kommuneoverlege i Ålesund, Karsten Vingen, har sendt ut brev til barnehagar og skular for å gi råd om hygiene og førebygging av smitte. Norovirus er ei av dei viktigaste årsakene til utbrot av mage og tarminfeksjonar. Viruset er svært smittsamt og den sjuke personen kan smitte andre i to dagar etter at symptoma er borte.

Følg 48 timars regelen

- Det er viktig at 48 timers regelen som Folkehelseinstituttet anbefalar vert halden. Eg har stor forståing for at foreldra kjem i ei knipe dersom det tek slutt på eigemeldingsdagane, men ein bør prøve så godt ein kan, seier Vingen.

- Når det gjeld oppkastsjuke og luftvegsinfeksjonar som det er mykje av i desse dagar er det viktig med god handhygiene. Vask hendene før mat og etter toalettbesøk, oppmodar kommuneoverlegen.

Slik kan du bryte smittekjeden

Dersom alle foreldre tar førehandsreglar er sjansane for å bryte smittekjeden større.

Magnar Hjertenæs er førstelektor ved avdeling samfunnsfag og historie på Høgskulen i Volda. Han seier at presset på dagens småbarnsforeldre er stort, og kan godt forstå at mange slit med å vere heime frå jobb.

- Familien har vorte mindre dei siste åra. No er det kanskje berre ein vaksen som bur saman med barnet og skal ta ut sjukedagar. Besteforeldre bur kanskje langt frå barnet og er dessutan i full jobb, seier Hjertenæs.

Tøffare arbeidsliv

Han meiner at arbeidslivet også har vorte tøffare. No er det ikkje berre i inudustrien det vert forventa effektivitet. Også på offentlege arbeidsplassar er det høge krav til ytelse, og foreldre får dårleg samvit av å vere heime frå jobb. Hjertenæs trur borna får den omsorga dei treng, men frykter at foreldre skal slite seg ut.