Sender klage til helseføretaket

Fem ordførarar frå Nordmøre har sendt klage til Helse Midt-Noreg over styrevedtaket om å slå saman fødeavdelingane i Kristiansund og Molde. Ordførarane meiner at det var alvorlege manglar i grunnlaget som vart presentert for styret. Dei meiner at dersom alle dei faktiske opplysningane og dei store bekymringane for konsekvensane av å legge ned fødeavdelinga i Kristiansund hadde vore kjent, hadde styret fatta eit anna vedtak. Ordførarane kjem til å bruke alle juridiske skritt for å gjere om på vedtaket, skriv dei i klagen. Espen Remme, direktør i Helse Møre og Romsdal, tilrår styret å utsette samanslåinga.

Fødeavdelinga i Kristiansund
Foto: Roar Strøm / NRK