Hopp til innhold

Send oss dine vêrbilete

Ruskevêret herjar over heile fylket. Har du vore utandørs i dag? Eller sit du inne med ein varm kopp te framføre peisen? Send oss dine bilete til mr@nrk.no eller tips oss her.

Elva ved Hellesylt hadde stor vassføring søndag.

Denne videoen er frå Hellesyltfossen. Innsendt av Terje og Trude Lund.

Trude Lund og mannen hennar Terje køyrde i dag frå Olden og heim til Giske. På vegen såg dei at det fossa ned frå fjella, skogsvegar og grøfter blei omgjorde til bekkar og også hyttemurar stod under vatn.

– Då vi køyrde forbi Hellesylt stoppa vi ved elva. Mannen min, som har køyrt der ofte, sa at han aldri hadde sett elva så stor før, fortel Lund.

Har du sett noko liknande i dag?