Hopp til innhold

Send oss bilete 17.mai

Nasjonaldagen er også den store fotodagen. Send oss bilete, og du er med på å vise andre korleis 17.mai blir feira over heile fylket.

Lesarane våre er svært flinke til å sende oss bilete. Dei aller fleste bileta blir samla i bildegalleri. Bileta frå 17.mai brukar ofte å bli ekstra fine og fulle av liv og stemning. Denne dagen ønskjer vi at du skal vere med å prege med bileta dine frå nasjonaldagen.

Send oss bileta til denne e-post-adressa: vår e-post.

Dersom du tek bilete med mobiltelefonen, kan du vere med i den nasjonale bildedugnaden. Send bileta til 1987 og bruk kodeordet 17.

Skriv gjerne eit par setningar om kva som er på biletet. Kven er avbilda? Kvar er biletet teke? Og kan du seie noko om 17.mai-stemninga i tilknytning til biletet?

På førehand, tusen takk for bileta. Sjå gjerne innom nettsidene våre og sjå om du finn bileta dine. Tips gjerne vener og kjende om bileta du har sendt inn.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL