Hopp til innhold

Semitrailer utanfor vegen

Det kunne raskt gått veldig gale då ein trailer delvis køyrde utanfor vegen ved Kanestraum på Nordmøre.

semitrailer sperrer E39 ved Øydegard

UHELL: Ulykka skjedde ved Kanestrøm ferjekai. Tingvoll brannvesen rykka ut.

Foto: Eirik Haukenes / NRK

Det var i 13.30 tida tysdag at politiet melde at det hadde skjedd eit trafikkuhell like ved ferjeleiet ved Kanestraum på Nordmøre.

Trailer utanfor vegen

Traileren stod på tvers av vegen.

Foto: Eirik Haukenes / NRK

Klokka 15.00 var det opent for dirigering på staden etter at vegen hadde vore stengt i fleire timar.

Det er også mogleg med omkøyring via fv. 296, og å køyre den kommunale vegen over Aspa og Nålsundet til Leite for mindre køyretøy.

Dieselsøl i vegbana

Uhellet skal ha skjedd ved Møkjavassøya på E39.

– Ein trailer har delvis køyrt utanfor vegen, opplyste politiet til NRK.no like etter ulukka.

Jan Oddbjørn Kolmann Johnsen, politibetjent. Nordmøre og Romsdal politidistrikt

Jan Oddbjørn Kolmann Johnsen i Nordmøre og Romsdal politidistrikt seier det fort kunne gått verre.

Foto: Eirik Haukenes / NRK

Traileren vart ståande på tvers over vegen med fronten i grøfta. Ifølgje brannvesenet var det også dieselsøl i vegbana.

– Traileren har vore på veg ned det svingete partiet mot Kanestraum då den hamna utanfor vegen. Det er ekstremt glatt på staden og traileren har næmast sklidd baklengs ned vegen, seier politibetjent på staden Jan Oddbjørn Kolmann Johnsen i Nordmøre og Romsdal politidistrikt.

Situasjonen kunne raskt blitt dramatisk dersom det hadde kome bilar imot då uhellet skjedde, meiner Kolmann Johnsen.

– Det har gått overraskande bra. Det er ingen andre bilar involvert, og traileren står litt på vippen i forhold til skrenten, så det er bra at det ikkje har gått verre enn det gjorde, seier han.

Ein skadd

Alle naudetatar rykka ut til staden. Ein person, sjåføren av traileren, skal vere skadd.

– Sjåføren er køyrd til sjukehus med smerter i mageregionen, men det er enno uklart kor alvorleg desse skadane er, seier Kolmann Johnsen.

Laster Twitter-innhold
Laster Twitter-innhold

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL