Hopp til innhold

Semi-trailer av vegen

Oppsummert

Ein semi-trailer køyrde av vegen ved Liadal i Ørsta i 05-tida.

  • Må ha meir hjelp

    Det trengs fleire bergingsbilar til Liadal i Ørsta etter at ein semi-trailer sklei av vegen i 05-tida. I mellomtida blir det manuell dirigering av trafikken på E39. Ein bilbergar har kome frå Stryn, men dette er altså ikkje nok.

    Vogntog i grøfta i Ørsta
    Foto: Svein Nordal / Møre-Nytt
  • Berging pågår

    Berging av ein semi-trailer pågår ved Liadal i Ørsta. Det gjer at europavegen er heilt stengt inntil vidare. Semi-traileren sklei av vegen i morgontimane og ligg tett inntil vegbana.

  • Manuell dirigering ved Liadal

    Politiet dirigerer trafikken forbi ulykkesstaden på europavegen i Ørsta. Ein semitrailer ligg tett inntil vegbana. Ein bilbergar frå Stryn er på veg, og vegen blir truleg heilt stengt medan bergingsarbeidet pågår.