Hopp til innhold

Selskapssjuk røy

Frå fleire stader høyrer vi i desse dagar om røyer som søkjer selskap med folk. Naturtelefonen undersøkjer saka - på nettet og i radio!

Røy i Vanylven
Foto: Arnljot Hole

 

Røy i Vanylven
Foto: Arnljot Hole

Arnljot Hole i Almklovdalen i Vanylven fekk besøk av ei røy laurdag 28. april. Ho var veldig kontaktsøkjande og slett ikkje sky, hoppa opp på kneet hans og gjekk heilt inn i gangen.Spesielt godt likte ho ungane som var ute, skriv Hole.

 

Røy i Vanylven
Foto: Arnljot Hole

- Er det "våren" som gjer dette? spør han.

- Ja visst er det våren! smiler Alv Ottar Folkestad. Dette er tida då hormona spelar i nokon kvar, ikkje minst i tiurane. Hannen har si rolle, røya si, og dersom røya ikkje finn nokon hanne å gjere seg lekker for, kan ho gjerne finne på å oppsøkje andre skapningar. Gjerne ein stad der det er mange, slik som på spelplassen til tiurane. Derfor er det ho trivst i lag med ein flokk ungar, slik som Arnljot Hole fortel, og slik vi høyrer om frå skular som får besøk av røyer. Det varer eit par veker, så blir røya sky igjen!

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL