NRK Meny
Normal

No er han på plass!

Litt nysgjerrig og kanskje ein smule forundra luffa denne karen ut i sola og inn i den nye heimen sin i Ålesund i føremiddag.

Sel i Atlanterhavsparken

Ut av bilen bar det rett ut i bassenget.

Foto: Frode Berg / NRK
Tor Erik Standal

Dagleg leiar Tor Erik Standal trur selane vil trivst i det nye bassenget.

Foto: Frode Berg / NRK

Selen var ikkje sein om å komme seg ut i sola etter bilturen. Den er ein av to som no er på plass i selbassenget ved Atlanterhavsparken i Ålesund.

Mens den eldste av selane var kjapp med å kome seg i sjøen, var den yngre litt meir reservert. Men dagleg leiar Tor Erik Standal trur begge vil trivst godt.

–Det er naturleg at dei er litt reserverte i starten, men eg trur dei vil få det godt her, seier Standal til NRK.

Frå Kabelvåg til Ålesund

Selane kom i varebil og blei tatt i mot med ein rampe, slik at dei sjølve kunne luffe seg ut og ned til stranda. Dei to kjem frå Lofotakvariet i Kabelvåg.

–Vi har spurt alle dei store akvaria om dei har hatt selar til overs, og vi har fått svar frå Kabelvåg, Zûrich og Augsburg, seier Standal. –Det blir eit stykke å reise, men vi er glade for å få dei på plass.

Les fleire nyheiter her.

Størst i Europa

I alt seks selar skal etter kvart få plass i det nye selbassenget, som er det største i Europa. Steinkobbene får heile 6000 kvadratmeter å boltre seg på, og med 15 millionar liter vatn er den innebygde bukta 0 gongar større enn det nest største selbassenget i Europa.

-Vi har prøvd å lage eit basseng som eit del av naturen, seier Standal. Målet vårt er å vise fram havet i vår del av verda, og då er steinkobbe, som desse selane er, ein naturleg del av det.