Sel i løpet av få dagar
Administrerande direktør Olav Arne Fiskerstrand stadfestar at Sparebanken Møre kjem til å selje aksjane til rivalen i løpet av nokre få dagar.
Dei to bankane har kjempa om å overta Romsdals Fellesbank i Molde, men Sparebanken Møre måtte gi opp.
Beinhard kamp
Olav Arne Fiskerstrand (Foto: Sparebanken Møre)
Kampen om å overta Fellesbanken var beinhard. Denne kampen handla om Fellesbanken sin framtidige identitet og sjel, men først og fremst handla den om pengar.
Det var pengane og dei økonomiske musklane som avgjorde utfallet. Då budrunden kom opp på 171 kroner per aksje, måtte Sparebanken Møre tråkke inn bremsane. Å fortsette vidare ville svi meir enn det smakte.
Skape ro
Fiskerstrand meiner eit sal av aksjane til Sparebank 1 Midt-Norge kan vere med og skape ro. Dette er viktig etter at situasjonen no er avklart, seier Fiskerstrand. Han meiner det var verd å ta opp kampen om Romsdals Fellesbank.
- Eg er overtydd om at vi saman med Romsdals Fellesbank kunne ha fått til noko veldig bra for Møre og Romsdal, men prisen blei for høg, seier Fiskerstrand.
Dyr Fellesbank
SpareBank 1 Midt-Norge skal hente inn ein halv milliard kroner i nye grunnfondsbevis for å finansiere oppkjøpet av Romsdals Fellesbank.
Oppkjøpet av Fellesbanken kostar over 1,1 milliardar kroner.
Sparebank 1 Midt-Norge har tatt opp eit lån på rundt to milliardar for å finansiere kjøpet, skriv Dagens Næringsliv.
Ifølgje administrerande direktør Finn Haugan vel banken å styrke eigenkapitalen for å ikkje miste handlingsrom.