Ifølgje dommen har valden gått føre seg over eit tidsrom av 17 år fram til han blei avdekt i 2013. Sunnmøre tingrett meiner barna har levd i eit regime av utryggleik og frykt frå dei var
små, ifølgje TV 2.
Eit halvt år av fengselsstraffa er gjort på vilkår med ei prøvetid på tre år. Retten meiner han både har knipe barna i øyra, lugga og slege med flat hand, men at valden likevel ikkje var så alvorleg at han fortente to års fengsel slik påtalemakta hadde bedt om.
Familiefaren nekta straffskuld, og i retten skildra tre av barna far sin som ein god omsorgsperson, og dei avviste at dei var utsett for krenkingar. Dei blei likevel ikkje trudd av tingretten, som meiner dei av lojalitet til faren ikkje snakkar sant om kva dei har vore
gjennom.
Ifølgje barnevernet har faren pålagt barna å lyga til barnevernstilsette. Mor til barna var også tiltalt for å ha vore passivt vitne til valden utan å gripa inn, men under rettssaka trekte påtalemakta saka mot henne. I tillegg til fengselsstraffa må faren betala fire av barna til
saman 265.000 kroner i oppreising