Seks Spellemenn til Sommarfesten

Sommarfesten på Giske slapp i dag 20 nye artistar som dukkar opp på øya i sommar.

Kråkesølv - årets popgruppe. SPELLEMANNPRISEN 2011

ÅRETS POPGRUPPE: Kråkesølv fekk Spellemannspris som årets popgruppe. I sommar kjem gruppa til Giske.

Foto: Øijord, Thomas Winje / Scanpix

Thom Hell på Spellemannprisen 2008.

ÅRETS MANNLIGE ARTIST: Thom Hell fekk Spellemannspris, og kjem til Giske.

Foto: Erlend Lånke Solbu / NRK
Lars Vaular vant prisen for kategorien hip-hop.

ÅRETS HIP HOP: Lars Vaular kjem til Giske.

Foto: Øijord, Thomas Winje / Scanpix
Susanne Sundfør fikk prisen for årets populærkomponist. SPELLEMANNPRISEN 2010

ÅRETS POPULÆRKOMPONIST: Susanne Sundfør kjem til Giske.

Foto: Øijord, Thomas Winje / Scanpix

Heile seks ferske spellemenn kjem til årets festival, i tillegg til vinnaren av "Årets Spellemann 2009", Alexander Rybak.

Av dei ferske vinnarane er "Årets popgruppe" Kråkesølv og "årets mannlige artist" Thom Hell.

Populær spleisefest

I tillegg varslar arrangørane at Lars Vaular (årets hip hop), Ida Jenshus (årets country), Susanne Sundfør (årets populærkomponist) og Ingrid Olava (årets kvinnelege artist) dukkar opp i juli.

Sommarfesten på Giske blir arrangert som eit stort spleiselag, der inngang er gratis. Likevel greier festivalen å trekkje til seg store namn i norsk musikkliv.

27 artistar klare

27 artistar er med dette klare til årets festival. I 2010 hadde festivalen om lag 25.000 besøkande.

- Det at disse artistane vil spele hos oss, viser kor spesiell denne festivalen er, seier bookingsjef Ante Giskeødegård.

Les fleire saker om festivalsommaren i Møre og Romsdal under: