Leo veit godt kvifor det var innsamlingsaksjon denne gong.
– Det var for å berge regnskogen!
Seksåringen Leo Bakke Erlandsen var godt fornøgd med innsamlingsresultatet.
Foto: Synnøve Hole / NRKFor Leo var søndag ein av bøsseberarane som har samla inn pengar i samband årets TV-aksjon. 6-åringen er fornøgd med at folk stort sett putta pengar på bøssa han hadde med seg.
Han synest det var fint å gå rundt i Ålesund og gjere ein innsats.
Leo får tommelen opp frå fylkesleiar Marius Hammer. Han fortel at det går stadig betre i Møre og Romsdal.
Møre og Romsdal klatrar
Fylkesleiar Marius Hammer fortel at det har kome inn over ni millionar kroner.
Foto: Alf-JørgenTyssing / NRK– For tre år sidan var vi det 13. beste fylket, i fjor var vi 7. beste og i år det 6. beste fylket. Det er gøy med ei slik utvikling, og det gjer noko med humøret når vi kan rapportere at så langt har det kome inn 9,1 millionar kroner.
Nesten 183 millionar har kome inn totalt i landet, og meir kjem i løpet av dagen.
– Fylket sette ikkje rekord, men likevel kan vi seie at innsamling til regnskogen har engasjert. Dette er ein av få aksjonar der vi har hatt bortimot full dekning på bøsseberarar.
Stort engasjement
Fylkesleiaren fortel at Leo og dei andre bøsseberarane har stått på frå sør til nord. Sjølv om regnskogen kan verke fjern for mange, så trur Hammer at dette temaet no har fått eit gjennombrot.
– Det norske folk har fått med seg at regnskogen gir oss reinare luft, regn og nedbør, mat og medisinar.
Cecil Elisabet Nerbø hadde med sonen Leo Erlandsen Bakke også i årets tv-aksjon.
Foto: Synnøve Hole / NRKMor til Leo, Cecil Elisabet Nerbø, tok med guten sin på tv-innsamling då han var fire månader gammal. Så allereie som 6-åring kan han kalle seg veteran.
– Det har vore naturleg for han å vere med, frå han låg i vogna, og til no når han er aktivt med på innsamlinga.
Ho meiner aksjonane går til gode formål, og meiner det er viktig å hjelpe, både for henne og for Leo.