Hopp til innhold

Seier nei til overgrepsmottak

Overgrepsmottaket skulle yte hjelp til valdtekne i 17 kommunar på Sunnmøre. Men 6 kommunar står framleis på sidelinja.

Janne Grete Havnegjerde på overgrepsmottaket

Janne Grete Havnegjerde på overgrepsmottaket

Foto: NRK

Overgrepsmottaket i Ålesund skulle gje hjelp til utsette for overgrep på heile Sunnmøre, då det opna i 2008. Men titl no er det berre 11 av 17 kommuar som er med i samarbeidet.

– Vi hadde ikkje klart å hjelpe dei som treng det på ein god måte utan å vere med i samarbeidet om overgrepsmottaket, seier helsesjef i Volda, Runa Bakke.

– Alle burde vere med

Under planlegginga av overgrepsmottaket var tanken at dette skulle vere eit tilbod til alle som var utsett for overgrep over heile Sunnmøre.

Janne Grete Havnegjerde

Janne Grete Havnegjerde er koordinator ved overgrepsmottaket.

Foto: Aina Rødal / NRK

– Vi hadde sett for oss at alle kommunane skulle delta i samarbeidet. Alle kommunane har fått tilbod om dette, seier koordinator ved mottaket, Janne Grete Havnegjerde.

- Treng spesialkompetanse

Løysingane er forskjellige i dei kommunane som har valt å ikkje vere med. I stor grad må dei bruke dei kommunale helsetenestene. Dette ville ikkje vere ei god løysing for Volda, seier helsesjef Runa Bakke.

– Å ta seg av personar som er utsette for overgrep er ikkje enkelt. Det krevst spesiell fagleg kompetanse. Situasjonen må handterast på rett måte. Overgrepsmottaket har bygt opp ein kompetanse for å kunne gjere eit godt arbeid, seier Runa Bakke.