Hopp til innhold

Seier nei til omkamp

Bedriftsklubbane ved IP Huse og Rolls-Royce Marine på Longva seier nei til omkamp om Nordøyvegen. Klubbane meiner kostnadssprekken alt er dekt opp. Dei meiner det er uakseptabelt at prosjektet blir sett opp mot skule og kultur, og viser til at pengane som skal finansiere Nordøyvegen ikkje kan nyttast andre stader. Klubbane fryktar for bedriftene og arbeidsplassane om politikarane gjer om på byggevedtaket.

Rolls-Royce Longva
Foto: Malin Kjellstadli Korsnes / NRK