Hopp til innhold

Seier nei til mottak

Formannskapet i Sunndal seier samrøystes nei til eit asylmottak for utagerande og valdelege asylsøkjarar. Det ordinære asylmottaket vart nedlagt i fjor. Politikarane vil ikkje at farlege asylsøkjarar skal bu og leve som naboar til eit tettbygd bustadområde på Sunndalsøra. Dei meiner at kommunen også manglar folk og kompetanse til å kunne ta imot valdelege folk.

Sunndal formannskap
Foto: Tore Ellingseter / NRK