Hopp til innhold

Seier nei til kvinneprestar – får likevel halde fram som sokneprest

Sokneprest Benjamin Anda (28) på Sunnmøre seier nei til kvinneprestar. – Folk er opptrekt over at prestar i vår tid har dette synet, seier kollega.

Benjamin Anda sokneprest i giske

Rogalendingen Benjamin Anda seier nei til kvinnelege prestar, men ønskjer ikkje å utdjupe synet sitt overfor NRK. Han er sokneprest i Giske, utanfor Ålesund.

Foto: privat

I ein tidlegare versjon av artikkelen var det brukt ein lenketittel der det sto at Benjamin Anda nektar å samarbeide med kvinneprestar. I ettertid er dette endra til "Seier nei til kvinneprestar". I første publisering stod det også at han fortalte til Sunnmørsposten om synet sitt. Dette er endra til at avisa omtalte synet hans.

Det har vekt reaksjonar i lokalmiljøet etter at Sunnmørsposten sist omtalte at soknepresten på Sunnmøre seier nei til kvinneprestar.

– Det har for meg ikkje vore viktig å framheve det, vi tenkjer jo ulikt om ting både i politikk og teologi, og då har eg hamna på den sida som blir kalla konservativ, sa han til avisa i helga.

Vidar Mygland NEs prest i Hafslo

Vidar Nes Mygland miste jobben etter at han flagga at han ikkje ville samarbeide med kvinnelege prestar.

Foto: Aleksander Åsnes / NRK

Men uttalen har blitt lagt merke til både blant kyrkjegjengarar og sambygdingar.

Dei andre tilsette nektar å stå bak

No går kollegaene til presten ut på Facebook. I ein post som blei publisert i ettermiddag presiserer dei at fleirtalet i staben ikkje står bak synspunktet om nei til kvinneprestar.

Presiseringa blir lagt ut som følgje av at dei tilsette på kontoret har fått negative tilbakemeldingar.

– Folk er opptrekt over at prestar i vår tid har dette synet. Vi går ut på Facebook for at dei tilsette hos oss skal få nyansere bildet, seier kyrkjeverje Turid Urkedal Valderhaug.

Ei av dei tilsette er sjølv kvinne og prest, og ønskjer ikkje å kommentere saka.

Skjermdump frå Facebook

Kollegaene til presten i Giske går no ut på Facebook.

Foto: Skjermdump frå Facebook

– Skaper dårleg stemning

Den norske kyrkja har gang på gang slått fast at mannlege prestar ikkje kan nekte å samarbeide med kvinneprestar.

Leiaren i presteforeininga lokalt, Anders Barstad, har tidlegare kritisert biskopane for å lukke auga for prestar som framleis nektar å samarbeide. No tek han for gitt at biskopen i Møre følgjer opp saka.

– Det skaper ei dårleg stemning i fellesskapet når folk definerer seg slik at dei ikkje kan samarbeide med andre.

– Men burde det ikkje vere plass i kyrkja for å hevde slike standpunkt?

– Jau, det bør absolutt vere rom for andre synspunkt, men når det er spørsmål som gjeld arbeidsmiljøet, kviler det eit stort ansvar på vedkomande for at det ikkje skal gå utover andre, seier Barstad.

Anders Barstad

Anders Barstad er lokallagsleiar i presteforeininga. Han meiner det kviler eit stort ansvar på dei som ikkje kan samarbeide med andre.

Foto: Remi Sagen / NRK

Fleire kvinnelege prestekollegaer

Rogalendingen Benjamin Anda har vore sokneprest i Giske sidan januar 2020. Han vil ikkje kommentere saka overfor NRK. I ei tekstmelding skriv han at han ønskjer ro og fred om sine ståstader – for lokalmiljøet si skuld.

– At journalistar ønskjer konflikt får stå for deira rekning, skriv han.

Han ønskjer ikkje å svare på spørsmålet om han trur det kontroversielle standpunktet hans får konsekvens for arbeidet hans som sokneprest.

I ein alder av 28 år kan han framleis ha over 40 år framfor seg som sokneprest i ei kyrkje som seier at det ikkje er lov å nekte å samarbeide med kvinner.

Benjamin Anda

Benjamin Anda (28) meiner at kvinner ikkje kan vere prestar.

Foto: Tom Øverlie / NRK

– Får ingen konsekvens

NRK har bedt om ein kommentar frå biskopen i Møre etter at Sunnmørsposten skreiv at soknepresten i Giske seier nei til kvinnelege prestar. Ingeborg Midttømme er sjukmeld, og fungerande biskop Olav Gading seier uttalen ikkje får konsekvensar for Anda.

– Avisartikkelen gir ikkje grunnlag for nokon reaksjon frå arbeidsgjevar, seier Gading.

Men ein annan prest fekk sparken etter å ha uttale det samme standpunktet i fjor - er ikkje dette forskjellsbehandling?

– Det kan eg ikkje svare på. Biskop Ingeborg Midttømme har samtalar med Anda, og dei kjenner eg ikkje innhaldet i. Men dette får altså ingen konsekvensar for han.

– Men er dette uproblematisk når han sjølv arbeider i eit kvinnekollegium?

Uproblematisk er det nok ikkje, men biskopen har ikkje trekt den konklusjonen at dette skal få konsekvensar for han.

– Burde ikkje ho det?

Nei.