NRK Meny

Seier nei

Rådmannen i Hareid seier i si tilråding til formannskapet nei til Salmar Organic sine planar om oppdrettsanlegg i området Brandal-Kvitneset, skriv Vikebladet. Salmar sine planar har vekt stor motstand hos lokalbefolkninga. Rådmannen meiner at plasseringa av anlegget kjem i konflikt med lokale fiskeriinteresser og friluftsinteresser i området.