Tillitsvalt i Sjømannsforbundet, Terje Hals, ønskjer tiltaket velkomen.
– Både passasjerane og vi som jobbar ombord i båtane vil føre oss tryggare med eit slikt system, seier Hals.
Promillesak i sommar
MRF set i verk ruskontrollar etter at tre tilsette i sommar testa positivt på promille medan dei var på jobb. Det fekk leiinga i ferjeselskapet til å reagere. No må alle i MRF regne rekne med uanmeldte kontrollar framover, seier assisterande direktør Frode Ohr. Truleg kjem kontrollane til å vere i gang før nyttår.
Sjølv om avtalen enno ikkje er signert er det truleg det store internasjonale selskapet Medscreen som får oppdraget med å teste ferjemannskapa. Kor ofte de ferjetilsette skal testast og korleis det skal foregå i praksis, er ikkje avklart.