Hopp til innhold

Seier ja eller nei til spørsmål om samlivet til prestar

Møre bispedømmeråd skal i dag ta stilling til forslaget om at ingen lenger skal spørje prestar om kven dei bur saman med.

I innstillinga til møtet heiter det mellom anna at det at å nekte alle kyrkjelydar å spørje om samlivsform vil kunne føre til djupare kløft mellom meiningsmotstandarar i kyrkja.

Møre bispedømme gjekk sjølv nyleg bort frå den omstridde praksisen, og biskop Ingeborg Midttømme sa då at formuleringa har skapt uro og smerte for andre menneske, og at ho ikkje lenger kan stå for det.

Kyrkjemøtet skal behandle saka seinare i år.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL