Seglbåt gjekk i ring

I 03.00-tida i natt fekk naudetatane melding om ein seglbåt som gjekk i ring i Storfjorden mellom Flisneset og Festøya. Politiet fekk bistand frå redningsskøyta og brannbåten til å kome i kontakt med seglbåten. Det viste seg at båtføraren var tydeleg påverka av alkohol og straffesak blir oppretta. Totalt var det to personar i båten.