NRK Meny

Sebastiansaka tilbake til politiet

Statsadvokaten har sendt Sebastian-saka tilbake til politiet, melder Tidens Krav. Politiet har sikta Helse Møre og Romsdal, etter at Sebastian G. Ødegaard døde på veg til St. Olavs Hospital i februar 2015. Det er venta ei avklaring på om Statsadvokaten tek ut tiltale eller ikkje. Statsadvokaten oppgir ikkje noko årsak til at saka er sendt i retur. Politiet seier til Tidens Krav at det ikkje ligg noko dramatikk i dette, men at det må gjerast nokre avklaringar.