Hopp til innhold

Sebastian Foss Solevåg klar for å slå tilbake

Mykje stang ut for Sebastian Foss Solevåg hindrar ikkje alpinisten i å vere optimist før siste renn i sesongen. Ålesundaren har gode minne frå tidlegare sesongavslutningar og er klar for å slå tilbake i slalåmbakken i Aspen.

WORLD CUP ALPINT
Foto: Pontus Lundahl/tt / NTB scanpix

– Ein har ei heilt anna innstilling til rennet, sidan det er det siste for året, seier Sebastian Foss Solevåg.

Slalåmkøyraren har køyrd ut i fleire av renna denne sesongen. Søndag er det klart for sesongens siste renn i Aspen i USA.

Les også:

Håper på å vere like god som i St. Moritz

Fjorårssesongen var også tøff, men siste rennet hamna Foss Solevåg på ein tredjeplass i finalen i St. Moritz.

Sebastian Foss Solevåg
Foto: Emil Gukild / NRK

– Ein køyrer alltid for å vere raskast mogleg og eg veit kor fort det kan gå, så eg må prøve å gjenskape det.

– For min del er det siste rennet for sesongen alltid eit bra renn resultatmessig.

Før siste rennet kjenner han på lite press og klarer å sleppe seg meir laus, fortel han.

– Eg har eigentleg følt frå første stund i år at presset har vore vekke, men kanskje spesielt framfor dette rennet her, ja.

Les også:

– Eg må sleppe meg laus

For å prøve å gjere det like bra som i sesongavslutninga i St. Moritz, er også det å sleppe seg meir laus noko av nøkkelen for suksess, trur Foss Solevåg.

– Eg må prøve å ha den same mentale innstillinga og den same tankegangen som i St. Moritz. Eg må sleppe meg litt meir laus utan å tenke for mykje på resultat.

Forrige renn han var med i vart han beste nordmann og han er klar på kvar han har størst utviklingspotensiale i år.

– Det må vere førsteomgang. Andreomgangane sit som oftast veldig bra, så eg må prøve å sette det saman litt.