Sebastian Foss Solevåg er ein norsk alpinist som representerer Spjelkavik Idrettslag. Han er fødd 13. juli 1991 og debuterte i verdscupen i alpint 11. november 2012 i Levi i Finland.
Sebastian Foss Solevåg frå Ålesund endar på ein 12.-plass under herrens slålåm i alpin-VM. Marcel Hirscher vant løpet suverent. – Første omgang var ikkje så bra, men eg er fornøgd med andre omgang. Det er to renn igjen som eg er veldig glad i, så eg håper det går litt betre då, seier Foss Solevåg etter løpet.
Sebastian Foss Solevåg får det ikkje heilt til i den andre omgangen av herrens slalåm. Ålesundaren hadde fire tidelar i sin favør, men er fem tidlegare bak i mål. Det held til ein foreløpig andreplass.
Sebastian Foss Solevåg frå Ålesund ligg på ein 15.-plass før andre omgang av herrens slalåm startar klokka 14.30. Han ligg 2, 72 sekund bak Marcel Hirscher, som leiar konkurransen under alpin-VM i Åre.
Innsatsen til Ragnhild Mowinckel (bildet) frå Molde under Alpin-VM i Åre har vore formidabel. Det seier NRK sin ekspertkommentator, Bjarne Solbakken, frå Stranda. Mowinckel tok bronse på kombinasjonen i VM og var nær pallen i fleire av konkurransane. – Det er imponerande, seier Solbakken. Han har også stor tru på at Sebastian Foss Solevåg frå Ålesund kan ha sjansar til å hevde seg under alpin-VM. Han meiner at Foss Solevåg kan vere ein utfordrar, om han får alt til å stemme under slalåmen søndag. – Han har ei heilt rå toppfart, så han vil vere ein medaljekandidat dersom han greier å sleppe seg laus, seier Solbakken.