Nok ein gong er det statsminister Kjell Magne Bondevik sin heimby Molde som blir arena.
Førebels er det sett av ein dag til besøket.
Thabo Mbeki og Ariel Sharon
Tidlegare har statsminister Bondevik hatt den sørafrikanske presidenten Thabo Mbeki med seg til Molde.
Og i juli i fjor var det enorme tryggingstiltak då Israels statsminister Ariel Sharon kom til byen midt under jazzfestivalen.
Det vil nok gå langt rolegare for seg 28.september når den tyske forbundskanslaren kjem til Romsdal.
Kjem Røkke?
Kanskje stiller også ein annen kjent mann frå Molde; Kjell Inge Røkke?
For sist Schrøder var i Noreg i 2002 var han invitert av nettopp Røkke, og industrileiaren blei rost opp i skyene, medan Bondevik den gong nesten blei stilt på sidelinja.
Men no er det Bondevik som står for invitasjonen, og då står sentrale politiske spørsmål på agendaen.
Bondevik seier dei mellom anna skal drøfte spørsmål knytt til Afghanistan og Irak, i tillegg til europeisk industripolitikk.
Fornøgd ordførar
Ordførar Jan Petter Hammerø er glad statsministeren legg eit nytt offisielt besøk til Molde.
Hammerø seier han kunne klart seg utan det førre besøket, men at det blir ei anna ramme når Gerhard Schröder kjem til byen i september.
Då Israels statminister Ariel Sharon besøkte Molde under jazzfestivalen i fjor, blei det demonstrasjonar og negativ omtale.